Mandag 27. Juni 2022 - 13:53 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. |
Karmlund MølleP� Fisk� kan vi sj� eit stort trehus like ved riksvegen mot sj�en. Der blei korn male til mj�l og gryn. Utanom verket i Visnes var Karmlund M�lle den st�rste industriverksemda i gamle Avaldsnes kommune. Jakob Blikra (f. 1904) var medeigar og styrar ved m�lla. I eit intervju fortel han om m�lledrifta slik ingen andre kjende den.
Av gamle dokumenter framg�r det at eigaren Tore Knutsen den 30. januar 1896 har selt eigedommen til Johan Knutsen Vorre med m�llebruk, stem og vassrettar, ”en avgrenset eiendom nedenfor riksveien av 1874 med standlinje og kai.” Prisen var 5.600 kroner for bnr.2. Om Johan Knutsen har dreve m�lla av betydning, det er vanskelig � finna ut. Men av dei dokument som hadde med Torvastadbanken � gjera, fant me ei auksjonsk�yta fr� 1907. Det skulle tyde p� at m�lla hadde brunne ned og at Torvastadbanken d� hadde eigedomsretten. Dei har d� selt den til ein annen eigar, som me ikkje kan finna ut kim er.
Fisk� Havrem�lle og Fisk� M�lle M�lla m� igjen ha brunne ned i tidsrommet 1907-10, for i 1912 hadde Br�dr. Helle, som eigde Tysse M�lle, overtatt eigedommen. Dei har n� bygd den opp igjen og dreiv m�lla fram til 1915. D� blei det danna eit nytt aksjeselskap, som fekk navnet Fisk� Havrem�lle. Dei tilsette lensmann Sikveland i Avaldsnes som disponent for den m�lla. S� dreiv det nye selskapet m�lla fram gjennom krigs�r� (1. verdenskrig) og kom s� langt som til ca 1920-22. S� gjekk det selskapet igjen konkurs. Og Torvastadbanken var igjen eigar av eiendommen. S� hadde banken denne eiendommen i godt og vel eit �rs tid. D� blei m�lla igjen selt, og d� var det v�r familie kom inn i bilete, i juli 1924. Dei nye eigarane var far, Ivar Blikra og dei to svograne til far, Laurits og Gunnar Heggen. Dei danna eit interessentskap for bruket og kalte det Fisk� M�lle. Innehavarar var br�drene Heggen og Blikra. Desse dreiv d� m�ll� framover til 1934. Namneskifte N� forandra m�lla navn. Grunnen var at det var Fisk� fleire plasser i landet. Men det som sjenerte oss mest var at det var ei m�lle innp� Strand i Ryfylke. Den hette Fisk�, og post�pneriet hette ogs� Fisk�. Brevene gjekk om einannan. Dette var kjedelige forhold som me ikkje kunne halda p� med. Me fant ut at den einaste m�ten � retta p� dette var � skifta navn. Me la dette fram for Våre lokale myndigheter som var fullt ut enig i v�rt syn. Det gjaldt d� � finna eit navn som var lett og brukelig. Me kom d� til at om me tok vekk ”�y” i Karm�y og la til det stedet kor m�lla l�g, som var ein lund, s� fekk me Karmlund. Dette forslaget sende me d� inn til ein navnekonsulent i eit departement i Oslo. Han antok navnet med ein gong og syns det var b�de lett og pent. Og dessuten var det sterkt distriktsbestemt. S� han anbefalte navnet. Samtidig sa han at dette var den einaste plassen i landet som hadde Karmlund som stedsnavn. Dermed ville det aldri bli plunder med feilsending. Navnet Karmlund blei d� brukt fr� 1934. Det omfatta stedet med m�lla og brevhuset, dampskipsstoppested (ruteb�tar anl�p m�lla sin kai) og busstoppested.
Eigarskifte og heil�rsdrift I august 1934 blei det igjen eit eigarskifte. Br�drene Heggen trekte seg ut av firma og far, Ivar Blikra, saman med andre i familien overtok d� deira 2/3 parter. Det blei danna eit nytt aksjeselskap innen familien. Dei som var med i dette aksjeselskapet, var far, Ivar Blikra, og dei 3 s�nnene, Jakob, Sigfred og B�rd Blikra - og Olaf �fsteg�rd og H�kon �fsteg�rd som ogs� var mine svograr. Dei ansette meg som disponent. Det var klart at d� me overtok m�lla s� var det ein forutsetning at me ville f� den over til heil�rsdrift. Tidlegare var det berre sesongdrift, som ikkje var leveleg for n�kon. Me hadde d� ein tanke om � g� over til produksjon av havregryn. Havregryn Havregryn var ein ganske stor artikkel i den vanlige husholdningen i dei tider. Og me hadde maskinar som kunne produsera det. Men det var ogs� andre som var observant p� denne store artikkelen. Det var vakse opp ikkje mindre enn 8–9 st�rre og mindre havregrynsm�ller, som hadde tatt fatt p� produksjonen av havregryn. Me var klar over at det kunne koma andre, og derfor danna dei ein forening som blei kalt Havrem�llenes Forening, som hadde som form�l og stansa eventuelt nybygde m�ller. Dei var og s� smarte at dei hadde f�tt inn ein klausul hos Korn- og melgrossistenes Forening. Der sto det at dei som kj�pte gryn av m�ller som sto utenfor foreningen, ogs� blei boikotta for andre varer. S� klausulene var ganske harde. N� gjekk ikkje me den veien. Me gjekk den motsatte vei – ein tanke me hadde hatt i fleire �r. Me ville pakka gryna i sm�pakningar p� 1 kilo og ½ kilo, og s� levera desse direkte til kj�pmannen i pakningar p� 25 og 50 kilo. Dette blei sv�rt godt mottatt. Og kj�pmannen hadde store fordeler av det. Dei slapp b�de posar og svinn og fraktutgifter – og det eine med det andre. Og dessuten s� leverte me gryn� til same pris som dei fekk hos grossisten. Og kunden fekk gryna til same pris som i laus vekt. Dette gjekk sv�rt bra og me fekk god respons p� varene Våre. Etter ei stund m�tte me ansetta to kvinner som balte med pakking av havregryn. N� gjekk dette godt hele veien. D� krigen kom hadde me ein ganske god maskinpark. S� me t�lte den store p�kjenningen som det d� blei. # 90_7_401 , M�lla under krigen Endringar etter krigen Etter at krigen var slutt s� skulle me overta den gamle metoden som me hadde f�r krigen. Men det gjekk ikkje. Samfunnet var n� totalt forandra og det kom heilt nye bestemmelser og ordningar som ikkje passa med den produksjonen som me hadde (den gamle m�ten). Derfor m�tte me m�tte g� over til noko nytt for � klara dette. Me s�g at utgiftene steig snarare enn inntektene. Den einaste l�ysning m�tte vera � rasjonalisera. Me tok derfor Våren 1949 og stengde m�lla heilt og ombygde totalt. Alle maskinar som m�tte ha tilsyn fekk me p� eit golv, slik at den som var maskinpassar kunne ha tilsyn med alle maskinene. Oppfinningar Det store problemet var maskinane som hadde � gjera med t�rking p� den gamle m�ten. Det var plate-t�rkaren som m�tte ha tilsyn heile tida. Han som passa t�rkene kunne ikkje brukast til andre ting, derfor m�tte me g� over til heilt andre t�rkemetodar. N� hadde eg i lengre tid tenkt p� dei greiene der og tenkt at eg m�tte f� ein t�rkeinnretning som kaltes gjennom-str�mningst�rka. Det vil sei at kornet vart overf�rt ovanfr� og gjennom t�rk�. Der ligg elementene i ei treangelform og kor den elektriske str�mmen er kobla til. S� g�r den igjennom 3 etasjer. I sj�lve t�rka er det 3 seksjonar. Kvar seksjon f�r ei viss tilf�rsel av str�m som ein d� kan bestemma styrkjen p�. Det er bare � kneppa p� ein termostat. Det som er poenget her, er � f� ut r�dampen av kornet s� snart som mulig, for det er det som gjer at me kan f� eit ordentlig produkt. Derfor brukte me mest str�m p� i f�rste seksjon, reduserte str�mmen i andre seksjon, og s� regulerte me str�mmen ytterligare i tredje seksjon for � f� korn med rett vanninnhold. Det er for � f� fram den fine aroma og smak som produktet skal ha. Det sette me n� i gang. Dessuten skifte me ut ein av kveitemaskinane Våre, for den var ikkje moderne nok, og kj�pte inn ein maleautomat som var heilt ny p� det omr�det, og som d� lagde eit aldeles ypperlig mj�l. Det sto fullt p� h�yde med det som dei vanlege handelsm�llene lagde, n�r det gjeld kvaliteten p� kveitemj�let D� me n� hadde gjort alt dette s� viste det seg at dei forandringane me hadde gjort - det var ein stor kapitalinvestering - svarte fullt og heilt til v�r forventning. Og me kan og seia i dag at den t�rka har ikkje hatt eit minutt driftstans i den 20-�rs tid som me hadde den. Omleggingar i jordbruket - store investeringar S� gjekk det d� framover med mottak av korn. Men s� kjem det ein total forandring i jordbruket, i det at b�ndene n� ikkje lenger dreiv med gammeldags handarbeid, med kornskur og slikt noko. N� kjem skurtreskar inn i bilete. Dei hadde den fordel og mangel, at kornet kunne variera veldig i vannprosent, fr� 18-20% og heilt opp i 40%. Det var ein voldsom forskjell. Dessuten kom kornet ureint inn til m�lla, for det var mykje stubb og agner og litt av kvart som fylgde med. Det gamle mottaksapparatet som me n� hadde dugde ikkje p� nokon m�te. S� me m�tte til med ein ny investering. Me skifte ut heile mottaksapparatet og fekk automatisk vekt og nye beholdarar og ei t�rka, som n� hadde som oppgave � t�rka kornet til lagringsvare som var15%, for deretter � g� ut i ein silo. Og me m�tte setta opp ein 600 tonns silo for lagring av korn. D� dette var gjort s� blei det end� st�rre driftsutgifter, naturligvis. Men for � im�tekoma jordbruket - og oss sj�l og - s� m�tte me alts� g� til den investeringen. Mottaket fr� 1950 og utover til 1965 svingte d� fr� mellom 7-800 til 900 tonn, etter som �ra var, naturligvis. Men til tross for denne store kapitalinnspr�ytningen, hadde me allikevel ei bra inntektsform og det s�g ganske bra ut med alt samen. Store endringar i lokalt arbeids- og n�ringsliv. Men s� etablerte storindustrien seg p� H�vik (i slutten av 1960-�ra) og m�lla hadde d� sett sine beste da’r. Der blei det mange og gode arbeidsplassar tilbudt, og det var noks� naturlig og rimelig at desse gardbrukarane som hadde lite og hadde vanskelig for � klara seg, dei fekk seg arbeid der borte (Alnor, seinere Hydro). Dermed blei mange bruk meir eller mindre nedlagde eller ombygde, slik at kornproduksjonen redusertes veldig. I og med at me fekk industri, ikkje berre her, men ogs� ellers overalt i landet, blei ogs� v�rt kosthold temmelig snart omlagt. F�r hadde me kvinner som d� var hima og stelte til maten. Dei gjekk n� inn i arbeidslivet. Dermed blei den gamle, gode husholdningen med tilberedning av mat borte. Det kom nye ting inn som var lettvindtare � f� til. Dermed gjekk ogs� den del av produksjonen som me balte med, for eksempel havregryn, radikalt nedover. Det var ikkje berre her, men over alt i landet. P� den m�ten hadde m�lla sett sine beste da’r. Det var ein sannhet som me ikkje trudde p� tidligare. For d� krigen var slutt, s� sa me at ein ting var i all fall sikkert, det var at bygde-m�lleindustrien kom til � bli vedvarande gjennom lengre tider. Det holdt alts� ikkje stikk. M�lledrifta mot avvikling S� var det om � gjera for oss � sj� koss me kunne ordna dette. Me dreiv m�lla i 3 �r med direkte underskudd, s� me hadde ikkje verken til avskrivingar eller skattar. Me var klar over at me m�tte sj� oss om etter andre m�tar. Den einaste m�ten var � forSøka � selja det me hadde. Til slutt kom me i kontakt med Rogaland Felleskj�p. Dei overtok s� i 1970 og dei ga straks beskjed om at matproduksjonen kutta dei helt ut. Men dei ville fortsatt ta imot det kornet som avlast i distriktet, t�rka det ned til lagringsvare og lagra det i silo, for seinare � ta det ut i porsjonar og levera det som gr�pp p� lageret sitt p� Sakkestad. Takk: P� fallrepet vil eg ved denne anledningen senda v�r hjerteligste takk til d�verande ordf�rar (Kaare W.) Stange i Karm�y kommune og direkt�r Jone Vadla for god og uvurderlig hjelp for at dei kom oss i m�te i distriktet, slik at m�lla fortsatt er i drift og vert dreven etter deira meining. Me vil ogs� takka alle Våre handels- og leiemalingskunder for trufast samarbeid gjennom 37 �r.
(Intervjuet med Jakob Blikra er gjort av Else Fiskaaen og sendt 24.09.1985 i Radio 102. Sonen Ingolf Blikra har l�nt ut kassetten og lest gjennom manus. Redigeringa er Aadne Utvik ansvarleg for.) |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||
|