Søndag 14. August 2022 - 17:11  

Søk

Google

Artikkel- og forfatterSøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
fisker

n�tid av � fiske

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> BLH Torvastad >> 7_4 Minner fra krigen >> Ein sundag ulik dei andre
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Ein sundag ulik dei andre

Tips: Klikk p� evt. sm�bilder s� �pnes de i et nytt vindu.
Referanse: 920_7_422
Skrevet av Erling Viksh�land - 07.09.2016

Me ungane sparka fotball med tyske soldatar. Men ein sundag skjedde det noko som gjorde at alt endra seg.

 

Eindel av oss ungane i Hauge skulekrins, samen med nokre f� fr� Norheim, hadde skipa fotballag. Namnet var «Stegg». Treningsbana var p� B�neset, like vest for den d�verande sildoljefabrikken.

P� h�gda nordom fabrikken l�g ei stor bustadbrakke kor tilreisande arbeidsfolk heldt til om vintrane i sildetida. Tidleg i krigen vart denne brakka, den vestre delen, «okkupert» av tyske soldatar. I austre delen, mot Karmsundet, hadde verksemda sitt kontor, kor to menn var i arbeid. «Frontane» var ikkje s� harde enda, og soldatane og me unggutane kjempa iherdig om l�rkula p� fritida.

Sundag den 22. juni 1941 vart eit skilje i s� m�te, b�de for oss og tyskarane skulle det vise seg.

Bl� Binkmann, tysk soldat-tobakk.
Bl� «Brinkmann»
Ved middagsleite denne varme og solrike sumardagen var eg p� veg mot fotballbana «v�r», men vel framkomen var eg einaste p� staden. Medan eg sat og venta p� medspelarane, kom ei ukjend mann mot meg. Karen hadde h�yrt at soldatane brukte � selja tobakk, noko eg gav han rett i. Og d� eg kjende «kantinemannen» fr� tidlegare kj�p – sa eg meg viljug til � hjelpe. Etter at 5 kroner hadde skifta eigar, gav me oss i veg mot salstaden, matsalen i brakka.

Han skulle ha bl� «Brinkmann». Mannen ville venta p� utsida av huset – og vel komen inn s�g eg ikkje folk nokon stad. D�ra til matsalen, som til vanleg sto open, var attlukka. Men eg h�yrde ei svak r�yst innanfr�. Etter � ha banka p� to gonger utan � f� noko svar, opna eg d�ra og det eg d� s�g, gl�ymer eg aldri.

Radior�ysta
Over tretti par gravalvorlige augo sto mot meg, som p� milit�r kommando. Dei sat fint rasta, omlag seks p� kvar langbenk, med front mot det vanlege salsbordet kor det denne dagen sto ein gamal, avfeldig radio som einaste m�bel.

R�ysta i h�gtalaren var ikkje ukjend for oss p� den tida. Det var F�raren, sj�vaste Adolf Hitler, som i vanleg stil rakka ned p� bolsjevismen og Russland. Tidlegare denne dagen hadde han, ikkje uventa, g�tt til �tak p� stormakta i aust. Redsla for krigstjeneste p� russisk jord var med eitt kome som ein sk�mande realitet. Ein d�m av tungsinn l�g over lokalet.

Denne nye situasjonen kom brott og uventa p� meg, ungguten. Tysk spr�k skj�na eg lite og ingenting av, og eg var vel for ung og ur�ynd til � forst� alvoret (13 �r). S� n�rast «p� gummis�ler» stiltra eg meg dei �tte til ti metrane fram mot salsstaden.

Lydniv�et i f�rartalen hadde auka munaleg, og d� ein av befalet avviste meg med «kein Verkauf» (ikkje sal), var h�gtalaren i ferd med � rivne. Tanken p� den skuffa mannen fór f�rst gjennom meg. Men glad for � kome ut or dette «homleb�let», tassa eg - med godt tak i pengane - mot utgangen.

Oversiktsbilde fr� 1951. Den omtalte brakka ligg midt p� bildet. Kjelde «Tidsmaskinen».
Tyskarane «p� styr»
Seinare denne sundagen var tyskarane heilt «p� styr». Talen til Hitler hadde teke hardt p� mentalt, skj�na me. D� me gutane gjekk mot brakka og ville ha soldatane med p� fotballspel, vart me jaga fr� staden. Full fart, ja n�rast kaos vart det i gutegjengen d� ein offiser byrja � veive med pistolen sin, og som ein skremd h�nseflokk fór me vestover rabbane mot busetnaden p� B�garden.

Dermed vart det finale, for � bruke fotballspr�k, p� Våre idrettsaktiviteter under krigen.

I Tysklandsbrigaden
Det ville nok ha gjeve h�ge «odds» om nokon p� den tida hadde sp�dd meg at min neste kamp om l�rkula med tysk motpart skulle skje ti �r seinare som idrettsleiar i Tysklandsbrigaden i Rendsburg i Nord-Tyskland.