Mandag 27. Juni 2022 - 08:06  

Søk

Google

Artikkel- og forfatterSøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Brukar

Gardbrukaren, den som eig eller leiger eit bruk p� ein matrikkelgard.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Meland >> 5_2 Personer >> Kjend person
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Kjend person

Tips: Klikk p� evt. sm�bilder s� �pnes de i et nytt vindu.
Referanse: 94_5_201
Skrevet av Aadne Utvik - Rasmus Skeie - 03.11.2007

Peder Johan Skeie, f�dd i 1888, budde p� Meland. Peder Skeie var lenge ordf�rar i Avaldsnes. I krigen vart han avsett av nazistyret. Namnet hans er for alltid tatt vare p� i bygda, mellom anna med namneskiltet Peder Skeie veg.

 

Peder Skeie

 

Peder Johan Skeie budde p� Meland det meste av livet, men vaks opp p� Skeie - f�dd 20. oktober 1888. Gjennom eit halvt �rhundre var han sv�rt aktivt p� mange felt innan politikk, forretningsliv og kulturarbeid.

 

Av utdanning fekk han med seg Utgarden Fylkesskule og Underoffiserskolen i Kristiansand. Han starta i yrkeslivet som fengselsbetjent i Stavanger, men han kom seg snart heimover og fekk seg kontorstilling ved Vigsnes Kobberverk. Der var han kontorsjef i 4 �r, fr� 1918 til 1922. Alt fr� 1915 tok han til som handelsmann i Visnes og var ogs� postopnar.

 

Han gifta seg i 1917 med odelsgjenta Inghild Regine Meland og tok over drifta av garden, som han kj�pte i 1924. Her dreiv han mj�lkeproduksjon, nydyrking og var mykje interessert i skogplanting. Med ved sida av dreiv han ogs� landhandelen og posten i Visnes. Men Peder Skeie s�g nye utfordringar innan forretningslivet, s� i 1931 starta han firma med handel av landbruksvarer fr� stor lagerbygning p� Dalen. S�rs kjend vart firma Peder Skeie for produksjon og sal av eigne kraftfôrblandingar. #85_6_403.

 

Peder Skeie markerte seg tidleg innan det politiske livet i Avaldsnes kommune. Han var medlem av kommunestyret i over 40 �r (1917-59). Ordf�rar var han i perioden 1917-25 og fr� 1932. Ei tid under krigen vart Peder Skeie avsett av nazistyret som ordf�rar, men tok over att oppg�vene i 1945. Han var med i ei mengde styrer og komitéar, og typisk nok oftast som formann. Ei liste vil visa hans store interessefelt og arbeidskraft:

 

  • Elektrisitetsnemda for Avaldsnes i 1920-�ra.

  • Bureisingsnemda for Eikemyrane.

  • Restaurering av Avaldsneskyrkja 1921-29 og 1938-51.

  • Avaldsnes Skoglag.

  • Arbeidsnemda for bygdebok.

  • Elevlaget for Utgarden Fylkesskule.

Elles var han lagrettemann, formann i forliksr�det, overformyndar og distriktsleiar i IOGT.

 

Men interessene til Peder Skeie gjekk langt ut over kommunegrensene. Han var med i fylkesvegstyret, kommunikasjonsnemda for Rogaland, samferdselsnemda, jernbanekomitéen, arbeidsnemda for heil�rsveg over Haukeli og for Karmsund bru, styret i Karmsund kraftlag og i Haugesund Meieri.

 

For sin store innsats i samfunnslivet vart han tildelt H.M. Kongens fortenestemedalje i gull i 1959. Peder Skeie sette mange spor etter seg i Avaldsnes kommune og Rogaland fylke. Han d�de i 1964. Namnet hans er for alltid tatt vare p� i bygda, ogs� fordi vegen ned til den gamle forretninga hans p� Dalen #85_6_301 har namneskiltet Peder Skeie veg.