L�rdag 25. Juni 2022 - 05:55  

Søk

Google

Artikkel- og forfatterSøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Fester�l

Trulovingsgilde.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Visnes >> 5_2 Personer >> Presten Lars Oftedal
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Presten Lars Oftedal

Tips: Klikk p� evt. sm�bilder s� �pnes de i et nytt vindu.
Referanse: 79_5_201
Skrevet av Aadne Utvik - 18.12.2008

”Synda var komen til Visnes. Det var kome noko framandt til bygda fire �r f�r: Vigsn�s Kobberv�rk.”

 

Dette er sitat fr� den store biografien til Berge Furre: Soga om Lars Oftedal. Band 1. (Det Norske Samlaget. 1990). Oftedal var ein mann som kom til � setja sterke spor etter seg i gruvesamfunnet. Elias Vaage kunne fortelja at det gjekk gjeteord om presten i lange tider. Folk snakka om ”Oftedalsvekkjinga” #79_7_151.

 

Eit nytt sosialt milj�

Lars Oftedal var vikarprest i berre 11 m�nader i Avaldsnes sokn. #86_3_301. Han hadde si f�rste preik i kyrkja 27. mars 1870, midfastesundagen. #86_3_305.

Furre skriv slik: ”Visnes, tenkte mange n�r ord om synd seig ned over dei fr� preikestolen. Der f�regjekk det. Der var det farleg for folk, s�rleg n�r det var m�rkt. Politiet m�tte hentas fr� Haugsund om det var fest. Der fanst ’Skj�ger’. Og Visnes-folket kom ikkje til kyrkje.”

Men alt etter f�rste Søndagspreika i Avaldsnes drog den nye presten til Visnes og heldt bibellesing. Og gruvefolket kom og fylte skulehuset.

Furre seier det slik: ”Dei utanlandske sjefane tenkte det kunne vera gagnleg om arbeidarane fekk h�yra eit ord om lydnad, trott og edrueleg ferd i eit s�mmeleg liv. Kanskje kunne dei f� enda meir kopar opp or berget. Oftedal var velkomen – i fyrsten.”

 

Visnesbuen ville ha Oftedal

Som fungerande sokneprest tok han fatt i folks moralske vandel. Furre sitarer flittig fr� dagboka til presten:

”Med stor energi tok han kampen opp mot brennevinsomsetninga som florerte kring Visnes: ’Syndens Huus med Viinsalg og alskens Ugudelighed.’ Og han slo ned p� mang slags umoral, oppSøkte og formante parfolk som levde saman utan vigsle og pr�vde telja ’Skj�ger’ inn p� betre vegar.”

Oftedal skulle vera i Avaldsnes som vikar berre 11 m�nader. Over heile prestegjeldet vart det samla underskrifter til ein petisjon til Kongen om � f� han som sokneprest. Ogs� folk fr� Visn�s V�rk skreiv under. Det var personar som ”Grubearbeider” og ”Maskinsmed” opp til ”Bergkaptein”, ”V�rksmester” og ”Direkt�r”.

 

Det grodde etter Oftedal

D� Lars Oftedal seinare kom att som reisande predikant fekk han ikke bruka skulehuset. Direkt�ren mente at Oftedals form var altfor streng og overspent. Oftedal har notert i dagboka si at ”stedets doktor havde desuden afgivet den erkl�ring, at siden min virketid i Avaldsn�s var sygeligheden blit saa meget st�rre blandt arbeiderne der…”

Einar Kjetland har skrive eit hefte om bakgrunnen for at det blei reist bedehus i Visnes:

 

«I 1878 kalla leidarane mellom dei kristne inn til eit st�rre m�te, og saka som dryftast var, nytt bedehus i Visnes.

Her ’l�g noko i lufta’ fr� den store vekkjinga 1869/70, d� Lars Oftedal vikarierte i Avaldsnes som stiftskapelan. Oftedal vann ungdomen for seg, og dei gilde vekkjingsongane tona i hytter og hus.»

 

Ei ukjend kjelde fortel dette om folk:

«De sang s� veggene bevegedes. Hele Avaldsnes stod snart i sang. Hvor man gikk og hvor man ferdes h�rtes sang, - Søndag og mandag, sent og tidlig. De begynte i vuggen. Ingen som levde i de dage, glemmer den tid.»

 

Og bedehuset blei bygd alt i 1879 – eit synleg resultat av ”Oftedalsvekkjinga”. #85_5_306