Mandag 27. Juni 2022 - 13:33 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.
Tilfeldig ord/uttrykk: Stevnefall Leta vera � m�ta i retten. Det var det bot for. Se hele oversikten her. |
Kolbein-namnet og SuldalsættaDet er mange trauste kvinner og menn i bygdene omkring Karmsundet som kjem frå Suldalsætta. Til Kolnes kom ein mann frå Kolbeinstveit og ei kvinne frå Lovra.
Dei fyrste som kom til Kolnes var Kolbein Olsen frå Kolbeinstveit og kona Brita Svendsdtr. frå Lovra. Desse to vart gifte og kom til Kolnes i 1806 (på den tida Hans Nilsen Hauge var på desse traktene). Det er fortalt at Kolbein var huslærar i prestegarden i Jelsa og at Brita var taus der før dei vart gifte. Kolbein og Brita kjøpte jord på Kolnes #116_1_101. Dei fekk fyrst ein gut. Deretter kom det 6 jenter. Då den siste jenta var komen, sa Kolbein: ”Du Brita, eg trur ikkje me set på fleire kossekalvar nå.” Og slik gjekk det. Den fyrste jenta kalla dei Brita d.e. og den siste kalla dei Brita d.y. Denne gjeve ætta finn me røter etter på 1300-talet, kalt Losnaætta. Via Valdres spreidde ætta seg sørover Vestlandet. Den er godt representert frå Suldal og utover til Karmøy og Haugalandet. Kolbein-namnet frå Suldal er det mange i dei 2-3 siste generasjonane som har bruka, – sikkert om lag 8-9 som har og har hatt dette namnet. Ja, like til USA har det spreid seg.
Noko lesestoff: Anton Espeland: Losnaætten. (Tidsskrift for historielaget i Sogn. Nr. 5, 1921). Gaute Losnegård, Berit Gjerland og Rolf Losnegård: Riddarane av Losna. (Selja Forlag, 2003). Den neste generasjonen
Kolbein Olsen (f.ca.1773 d.1852) g. 1806 m. Brita Svendsdtr. (f.ca.1782 d.1863). Dei hadde bnr.2 frå 1806. Barn: 1. Ola, f.1807. Overtok garden, men var ugift. Han let søstesonen Gudmund Johannessen Vikene overta bnr.2 i 1872. 2. Brita, f.1809. G.m. Nils Knutsen på Utvik. Om dottera Ingeborg Nilsdtr. #76_7_101. 3. Gjertrud, f.1811. Døde 20 år gammel. 4. Anna, f.1813. G.m. Johannes Gudmundsen på Vikene #76_3_301. 5. Brita, f.1815. G.m. Tomas Anderssen på Skår i Stangaland. 6. Marta, f.1818. G.m. Nils Knutsen Kallevik. 7. Anna Serine, f.1821. G.m. Peder Hansen på Sund i Stangaland. 8. Malene, f.1824. Døde samme år. 9. Malene, f.1825. Døde samme år.
Kjelde: Arnvid Lillehammer: Bygdebok for Karmøy. Avaldsnes II. Dreyer Bok 1993). |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||
|