Mandag 27. Juni 2022 - 08:08  

Søk

Google

Artikkel- og forfatterSøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Prestebol

Prestegard.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Kvalav�g >> 7_3 Sanger og stev >> Kvalavågsongen
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Kvalavågsongen

Tips: Klikk p� evt. sm�bilder s� �pnes de i et nytt vindu.
Referanse: 75_7_301
Skrevet av Aadne Utvik - Oddrun Kalst� - 19.08.2008

Peder Skeie #94_5_201 skreiv denne songen til jonsokstevne i Vikene 1953. 

Tonen er ”I fjor gj�tt eg gjeitinn…” 

 

Fr� Kalst� som ligg nord i havet ved F�yn�

langs strender og dalar til Kvalav�gs�yn�

ligg Kvalav�gsbygd� fr� sj�en til Varen,

og enda i s�r langs med Ytralands-garen. 

 

Det er ”furet og v�rbitt” i reinaste ore

og �ker og b�ar er anna enn store.

Men n�gd� her er utav fjell og av nutar,

der nora- og vestavind yler og tutar. 

 

Tenk berre p� Rambask�r, Klomr� og Bekkjen,

p� Pikhaug og Skarvaberg, Stromp-Ola-flekkjen.

Det namn er som sannar – du treng ikkje tvila,

at folket m� anna enn sova og kvila. 

 

Med vegar det var ikkje rart f�r i ti�,

s� vidt du kom fram ifr� Kalst� til Li�.

Til by og til kyrkja du myrar laut vassa,

du elles p� sj�en til alt m�tte svassa. 

 

Ut-f�re ligg havet med holmar og brasar,

og stormar og bylgjer mot fjellet seg krasar.

Det hender at mannen med kona – og druset –

m� ryma til tryggare stad ifr� huset. 

 

Men, summarver ogs� seg viser omsider,

sj� berre ein kveld – no ved jonsoke-tider.

D� gl�ymer du stormen og brotsj�ars-vrimlen,

eit Alveland ser du der nord-vest p� himlen. 

 

Ja, d� er det fagert ved vikar og strender,

i havblikk du spegla kor du deg vender.

Med dalane gr�ne og lauvkledde lider.

Ja, her er vel fagert ved midtsommar-tider. 

 

Her levde d� folket i ”framfarne tider”,

dei ”�tter som eldest og gl�ymdes omsider”.

I tru p� sin Gud dei har kava og streva

med tanke p� tid og med tanke p� eva. 

 

Med teiner og liner og n�ter og b�tar

dei klara seg har p� dei enklaste m�tar.

Men, fiskar som friar – dei f�r ikkje gl�yma –

dei m� ikkje furta om lukka seg g�yma. 

 

Men, n�r det seg hende at sild� seg sansa

og gjorde si plikt og ved Kvalav�g stansa –

ja, d� sko du sj� det var kasting og baling

av strilar og s�ring med gauling og haling. 

 

Det hende s�-menn i den og gamle tia,

fr� Stakk og til S�vik stod sill� og ia.

P� Grotvikj� l�s og ved Lammholmen kasting.

Og etterp� gjekk det med opptak og lasting. 

 

S� mangt har seg endra og ting� seg vende,

den avstengde ti� for bygd� tok ende.

Til V�jen og Vedle no vegar seg strekkjer,

med bussar og bilar i rader og rekkjer. 

 

N�r �ret er fare ein ogs� f�r sanna

at vegen til Kalst� er ferdig – med anna.

Og telefon kimar og ”lyset” det blinka,

og vakre sm�-gjenter ved vegen dei vinka. 

 

Igjen st�r no berre det einaste kravet:

I sundet ein molo som stengjer for havet,

s� kjerring og ungar – om stormen han sprengjer

kan leggja seg trygt i dei heimlege sengjer. 

 

S� veit me at mellom dei berg og dei nutar,

der finns nokon karar og modige gutar,

som nytta seg kan av dei tids-nye m�tar

s� hamnen blir full utav farty og b�tar. 

 

S� ynskjer me lukka og signing for bygda –

at framti� alltid vil hugnaden tryggja,

at viljen til framsteg dei ikkje vil byta

men livet i samhald og trivnad dei nyta. 

 

 

 

 

Kommentarar:

”Vegar …f�r i ti�”: Det var Peder Skeie som i 1920-�ra tok initiativ til at Kvalav�gsvegen blei bygd. Han var d� landets yngste ordf�rar.

”Vegen til Kalst�”: Den blei ferdig i 1957.

”Einaste kravet  … ein molo”: Moloen blei ferdig 2-3 �r seinare.

Ja, d� er det fagert ved vikar og strender,