Onsdag 29. Juni 2022 - 08:53 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.
Tilfeldig ord/uttrykk: Skyld Landsskyldp� ein gard, dvs. �rleg leige som leiglandingen m�tte betala jordeigaren. Se hele oversikten her. |
Bedehuset «Karmel»Det gamle bedehuset Karmel l�g ved hovudvegen ved sida av huset og forretningen til m�belhandler Ole Brandal, rett rett s�r for rundk�yringa p� Avaldsnes n�. Det stod der i 100 �r og var til tider mykje brukt fr� byrjinga i 1878.
Avaldsnes var ein sentral stad i Noreg si soge for over tusen �r sidan, med kongar og slott og kyrkjer.
Sogesus- - !Det er sogesus over Karm�y, og s�rleg over Avaldsnes. Her er minne fr� utgammal tid med gravhaugar fr� heidningtida til segner om tida d� l�ra om ”Kvite-Krist” n�dde kysten. Segner fortel om korleis kong Augvald fr� Telemark slo seg ned p� neset og dyrka ei ku som gud og gav bygda namn (Augvaldsnes som ho heitte f�r). Her er far etter risane som bygde og budde i haugane p� ”Blodhei�”, Rehaugane og kong Augvald sitt vidkjende slag mot kong Fartegn (Ferking) lenger s�r p� �ya. I ”historisk tid” m�ter me dei norske kongane som siglde gjennom sundet og reid gjennom bygda. P� kongsgarden finn me kong Harald H�rfagre og Olav Tryggvason s� vel som Heilag-Olav. Snorre fortel t.d. om Olav Haraldson som nett her laut gje Asbj�rn Selsbane grid etter krav fr� Erling Skjalgson fr� Sola og biskop Sigurd. Men i 100 �r har dei reisande ikkje kunna unng� � sj� det l�ge og kanskje lite staselege bedehuset ved vegkanten.
Karmel!Eit bilete er dette: Karmel tyder hage, eller Guds vinhage. Namnet er henta fr� Israel, eit 350 m. h�gt fjelldrag som strekkjer seg ikring 20 km fr� byen Haifa og s�raustover i landet med rik vegetasjon. Det er nemnt fleire stader i Bibelen. Her er m.a. staden der Elias utfordra Baalsprestane, d� Israels Gud vann siger.
NyvakningLandet v�rt har vore rikt velsigna. Tidleg kom ljoset fr� Gud til fjella her nord. S� fekk bedehusa si tid. I Skudeneshavn vart det bygt bedehus alt i 1861. Men her nord p� �ya var ingen. Fyrst skulle bygda oppleva si nyvakning. Det vart ei einest�ande tid under leiing av vekkingspresten:
Lars OftedalSoga om Lars Oftedal (#86_3_305 + #79_5_210) er s� n�ye knytt til dette arbeidet at nokre hovuddrag om han b�r vera med her. Han var f�dd i Stavanger i 1838 og h�yrde til ei gammal, kjend slekt som kom fr� H�gsfjord. Faren var ein driftig og arbeidsam mann – han var l�rar, bankkasserar og bonde. Noko av dette smitta over p� guten, ogs� Lars hadde mange jarn i elden. I 1864 tok han presteeksamen etter fem �r som student. P� same tid hadde han vore husl�rar og lekpreikar p� Austlandet. Etter ei tid som predikant for Bergen Indremisjon kom han til Cardiff i England som sj�mannsprest. Der vart han to �r. I ein tale hadde han g�tt til �tak p� presteskapet i Noreg, noko som kom kyrkjedepartementet i Oslo for �yra. Og med det var prestetenesta slutt der.
Karmel vert reist”Ved denne anledning blev disse menn s� grepet av tanken om � ta arbeidet op om dette. Venneflokken blev sammenkalt og gav sitt samtykke til dette.” Slik heiter det i eit anonymt 50-�rs skrift til Karmel indremisjon i 1928. ”Denne anledning” er innviinga av Lars Oftedal sitt nye bedehus i Stavanger, ”Betania”. Fem utsendingar kom d� fr� Avaldsnes for � vera med om h�gtida i 1875. Dei som reiste var sokneprest Th. Fr. W. Barth, Kristian Utvik, M. Madsen, Sven Skeie og Endre Hinderaker. Innviingsfesten i Betania var slik den direkte �rsak til at Karmel vart reist. Dei fire fr� Avaldsnes tenkte p� � f� eit slikt hus heime hj� seg. Og tanken vart til handling. Huset skulle reisast. #86_7_102 Drivkrafta i arbeidet var Kristian Utvik, Kristian Neset, #85_5_402, som dei kalla han av di han budde p� Prestaneset. ”Men heile prestegjeldet gjekk saman om den oppg�va,” skreiv sokneprest Lars Skadberg. I 50 �rs skriftet er det sagt at ”ei gammal kone p� Skeie gav kr. 600,-. Det var ein stor sum, elles var det helst sm� bidrag som var gitt.” I same skriftet er det og nemnt at det var fru pastor Myhre som tok til med bedehusbasarane. Huset vart reist i 1878. Men ein finn ingen stad i korkje styreprotokoll eller kallsbok for Avaldsnes at det vart halde innviingsfest eller opningsm�te. Styre for huset vart heller ikkje vald f�r to �r etter. D� vart og statuttane opplesne og godkjende. Men huset var ikkje heilt ferdig i 1878. Det var truleg �konomiske problem som gjorde at det ikkje kunne gjerast straks. Det stod eit par �r f�r det kom bordkledning p�. D� m�tte huset stivast opp med opplenger, av di veggene hadde store bukter, skriv Skadberg.
LeiararDen fremste av desse var Kristian Udvig (eller Neset). Nest etter kom skomakar Jan Lindtner, #85_3_301, som ogs� vart formann og leiar for ”Karmel” d� Kristian Udvig slutta. Andre som var med og styrde i denne fyrste tida var Baard Baardsen Udvik, Aadne Udvig, #127_9_101, br�rne Kolbein og Peder Larsen Hinderaker. Joseph Vaage var ogs� mykje verksam p� ”Karmel”. Endre Knutsen Hinderaker, #76_7_101, som vanleg vart kalla Endre Bakken, var med i bedehus-verksemda fr� huset vart sett opp og mest til sin d�yande dag i 1950. Han vart formann etter jan Lindtner og styrde lenge og trufast. Endre var ein israelitt utan svik, pla prost Rasmussen seia om han. Mange minnest han fr� den tid dei gjekk p� sundagsskule for han. Etter han har desse vore bedehusformenn etter tur: skomakar Kristian Lindtner, gbr. Bertel Vaage, gbr. Ola Utvik og gbr. Torger S�rb�, Skadberg. I jubileums�ret er Jakob Kalst� formann.
Huset bruges…Statuttane (eller lovene) for huset gir kl�re retningsliner for korleis huset b�r brukast. Dette syner at dei var framsynte menn som stod i spissen. ”Form�let for dets opf�relse er at yde et sted, hvor Guds-ordet overensstemmende med vor lutherske l�re kan forkyndes til v�kkelse og ledelse…”, st�r det i § 1. I mange eldre bedehusstatuttar finn ein paragrafar som lukkar dissentarar og vrangl�rarar ute fr� huset. Ogs� i Karmel sine statuttar er det kl�rt. Alt i § 1 er det sagt Ordet skal forkynnast i ”overensstemmelse med vor lutherske l�re”. Eit sers interessant punkt i statuttane er § 9, og det gjeld s�rleg i eit flytte�r. ”Huset tilh�rer Avaldsnes menighed, og ingen enkelt har noget ejendomskrav p� det.” Med dette er vel meint at dei truande i bygda som tilh�yrer statskyrkja, skal st� som eigarar av bedehuset. Etter desse retningslinene kunne huset takast i bruk for alvor. Arbeidet ”i” huset kunne ta til.
Ny vekkingVekkinga stansa ikkje med Oftedal. I 1885 braut det ut ei ny gjennomgripande vekking over Nord-Karmøy. Reiskap denne gong var ”kinaemiss�ren” Thormod Rettedal, #79_7_151, fr� H�gsfjord. Andr. Nielsen fr� Jelsa var og med. Han var p� denne tida bakar i Kopervik. I lang tid vart Rettedal p� Karm�y og opplevde ei uvanleg rik tid b�de p� Karmel og i Visnes der han stod i ei sterk vekking hausten 1885. Ti �r etter kom ei ny vekkingsbylgje d� emiss�r Bertinius R�island fr� Indremisjonen var talar. ”R�islandsvekkinga greip sterkt om seg i distriktet og varde i fleire �r. I 1918 var det vekking ved Alfred Hagnor og i 1927 ved Alf Olsen. I 1942 stod Hans Gilje i vekking der.
BedehusarbeidetLes ein gjennom m�teb�kene for Karmel finn ein lite spor etter vekkingane. Eit unnatak er den siste vekkinga ved Olsen der det heiter i referatet: ”Vi har dette aar hatt den gl�de og set mange mennesker har overgit sig til Gud. ” Vekkinga i 1942 er og nemnd der. I 1889/90 kom den fyrste reparasjonen. Grunnmuren m�tte v�last, ein skulle mala huset og setja hengsler i eit par vindaugo ”paa beste og billigste maade”. N� vart det sett opp kors i kvart m�ne, og Karmel vart innmeld i Avaldsnes Brandkasse. I desember 1892 fekk styret ei stor sak. Skulestyre i bygda hadde bedt om � f� leige Karmel til skulerom for sm�klassen. ”Det besluttedes mod en stemme ikke at indvilge Samme.” Saka kjem opp att i 1894 med same resultat, men det vart omgjort seinare. I 1920 kom ein st�rre reparasjon av huset ved at loftsgolvet vart teke bort. Slik vart det h�gare under taket i salen. Loftet, som hadde vore nytta til bank (Lind�-banken) og snekkerverkstad, vart n� borte. I staden vart det vedteke galleri i eine enden. I tillegg kj�pte ein 4 alen jord i nordre enden av huset til eit tilbygg. Torger S�rb� gav 1 alen ekstra. Som ein veit vart kyrkja i Avaldsnes kamuflert under krigen. Ogs� d� vart Karmel nytta som kyrkje, mot kr. 80,- samt vask.
Eit nytt KarmelDet har lenge vore kl�rt at det gamle Karmel ikkje kunne verta st�ande der det hadde st�tt. Styret fekk tilbod om tomt som vart motteken i 1971. Ein kom fram til eit makeskifte og Karmel fekk disponera ikring 5 dekar til nybygg, ikkje langt fr� barneskule og aldersheim. Det nye Karmel er reist ved hjelp av innsamlingar og mykje gratis dugnadarbeid for ikring 150.000 kr. Kalkylen for heile bygget ligg p� over 800.000 kr. Her er m�ter og offerveker for fleire misjonsorganisasjonar. Sume av dei har �rlege basarar. Juletrefestar vert halde her som andre stader, b�de ved sundagsskulen, ungdomsforening og ”Kirkevennene”. Sundagsskule, #85_7_602, har det vore her s� langt tilbake som dei eldste n�levande kan minnast. Det var Endre Hinderaker og Josef Vaage som stod for den fr� fyrst av. Her er fleire som har gode og kj�re minne om dei. Endre Hinderaker kan eg og hugse fr� mi tid p� sundagsskulen, seier Thora Kolnes. * Avslutningsvis lenker vi denne artikkelen til forfatteren Nils Dybdal-Holthe sitt jubileumshefte http://historie-kultur.blogspot.com/2008/09/gamle-karmel_18.html p� hans blogg (URLen/lenken legges inn i ordet jub... , og �pnes i nytt vindu. Avsnittet ordnes) |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||
|