Mandag 27. Juni 2022 - 08:23  

Søk

Google

Artikkel- og forfatterSøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Tag

(Bj�rke)never til tekkjing av tak. Brukt som skyldeining.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Spøkeri

Tips: Klikk p� evt. sm�bilder s� �pnes de i et nytt vindu.
Referanse: 94_7_101
Skrevet av Rasmus Skeie - 21.06.2008

Det vart stor oppstuss i bygda då det vart kjendt at det høyrdest dunking i eit hus natt og dag. Var det nokon som spøkte?

Handelsmann Ole Mikal Johannessen hadde ei tenestjente frå ein annan kant av Avaldsnes. Det vart stor oppstuss i bygda då det vart kjendt at det spøkte i krambuhuset. Det høyrdest dunking i golv og vegger, både dag og natt. I drikkevasskjelda låg det stadig flytande svovelstikker.

Det vart sett vakt kring huset. To av bygda sine betrudde menn låg, på passande avstand, med kvar sitt gevær. Men fangsten var mager.

Det skulle vera storreingjering i huset til Askel Bårdsen på Kolstø. Der var m.a. Ole Mikal si tenestjente med. Under arbeidet gjekk brått ei glasrute i knas. Ingen stein eller anna var å finna inne. Ein kvan måtte ha kasta eitkvart innanfrå og ut.

Tenestjenta vart misstenkt. Etter ei tid sende Ole Mikal jenta ”på dør”. Han melde saka og ville ha henne straffa for langvarig plage. Men før lovens arm fekk tak i den ”oppfinnsame” tausa, var ho alt komen seg om bord Amerikabåten.