Mandag 27. Juni 2022 - 07:09  

Søk

Google

Artikkel- og forfatterSøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
bnr

Nummer p� eit bruk innan ein matrikkelgard.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Vikene >> 7_1 Fortellinger og sagn >> Bondebrudloppet i Vikene
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Bondebrudloppet i Vikene

Tips: Klikk p� evt. sm�bilder s� �pnes de i et nytt vindu.
Referanse: 76_7_101
Skrevet av Elias Vaage - 15.05.2008

Denne historia om ”Bondebrudloppet” i Vikene har eg munnleg fr� ein som var med i det brudloppet, d� han var 8 �r gamal. Han heitte Endre Hinderaker (”Indre Bakkjen” vart han kalla). Den gongen eg var innom han p� Hinder�ker i Avaldsnes i 1945-46 var han om lag 95 �r gamal.


Gamle Endre sette seg vel til rette i gyngestolen, strauk seg over gr�skjegget, vippa nokre gonger fram og tilbake med stolen. S� fortalde han levande og engasjert fr� gamle dagar, d� han var ung og arbeidde p� det gamle Vigsnes Kobberverk.

   At eg er blitt s� gamal, seier han, kjem av at eg fekk morsmj�lk til eg var 4 �r. Men s� ein dag kom han gamle Risviken vest p� Tre innom. ”Du m� slutta med det dere n�”, sa han til mora. Og s� fekk ho ein tj�reklut av han til � bitta p� seg. Men d� vart det slutt med goddr�pen, fortalde han Endre hum�rfullt.

   Ja, gamle Endre hadde tru for at han kanskje fekk leva til Jesus kom att. Noko han trudde ikkje kunne bli s� lenge til. Han d�de 98 �r gamal. Han hadde i alle �r vore ein bedehus- og kyrkjemann. Og i sundagsskulen var han med til langt opp i �ra. ”Salige er de d�de som d�r i Herren”.

   Han vippa fram og tilbake nokre gonger med gyngestolen. Og s� fortalde han om d� han som 8-�ring fekk vera med i brudloppet i Vikene Det var fordi eg var bror til brudgommen at eg fekk vera med, sa han.

To sorter brudlopp
Det er to sorter brudlopp, seier han. Det eine heiter ”sluskebrudlopp” og det varer berre ein dag. Det andre heiter ”bondebrudlopp” og det varer i tri dagar. Det var ekte bondebrudlopp dei hadde den gongen i Vikene, fortalde han. Han stussar ikkje p� noko, n� han fortel om opplevingane fr� den gongen.

   ”Bessen” (bestefar) din, han Kolbein Skeie og dei 4 syskina hans, er alle f�dde i Vikene. Den eldste, Marta (f. 1840) – ho som skulle st� brur – hadde to friarar. Og ho fekk dei b�e to, fortel han Endre. � -, korleis kunne det g� til, ville eg vita.

   Jau, ho m�tte jo gjera eit val. Og d� valde ho han Kolbein, bror min, seier han. Kolbein var odelsgut. Han hadde hus og gard her p� Hinder�ker. Men dei fekk liva saman berre i 4 �r. S� d�de Kolbein. Etter ei tid gifte ho Marta seg oppatt med den andre friaren.

Dei drog vestover
Og det brudloppet han Endre no fortalde om, forstod eg hadde vore ei stor oppleving for han, som han ikkje kunne gl�yma. Han fortalde at dei drog vestover til Vikene fredag ettermiddag. Dei som drog kalla han for brudgommen sitt ”ferdalag”. Vegen (stien) gjekk gjennom utemarka, s� dei m�tte vera godt skodde. Somme bar p� ein klesbylt, andre bar p� ei ”beiningetina”.

   Stien gjekk langsmed Visnesvatnet, forbi Sumrafjellet, gjennom St�ladalen, over bekken fr� Grodvatnet, gjennom Revadalen, framom Rambask�rfjellet, og ned til vegen som f�rer til Vikene, der brudloppet skulle st�.

   Han Endre held fram med stor begeistring og iver, som om han skulle oppleva det p� ny.

   Dei hadde ein fin skikk i den tida i somme brudlopp, fortalde han. Og no, d� eldste dottera skulle gifta seg, tok dei i bruk denne gamle skikken.

   D� brura og gjestene (ferdalaget) sat og venta p� at brudgomen og ferdalaget hans skulle koma aust i markene, sende dei ut speidarar. Dei gjekk like opp p� Rambask�rsfjellet, for der kunne dei sj� heilt til Breidemyr og St�ladalen.

   - Sj� der! Der nede kjem dei!

   S� sprang dei tilbake til brudehuset. Dei lukka d�ra opp p� vid vegg, og ropa inn:

   - Brudgommen kommer, g� ham i m�te!

   Og straks gjorde brura og alle som kunne seg i stand og drog ut for � m�ta brudgommen og ferdalaget hans. Der oppe ein stad vestom Rambask�rsfjellet m�ttest brud og brudgom og ferdalaga deira. Og s� gjekk dei samla heim til huset der det skulle haldast fest. Og alle gledde seg.

   Eg m�tte sj� i undring p� denne �rverdige gamle i gyngestolen, med gr�tt h�r og skjegg, med 95 �r p� nakken og med ei forteljargleda som nokon kvar kunne missunna han. Og her sat eg, ein ungdom framf�re ein gamal mykje r�ynd heidersmann. Han lot ikkje h�vet g� seg forbi, men minna den unge gjesten sin om bibelske sanningar og alvorsord --.

Sj�lve brudloppet
   Og s� fortalde han om sj�lve brudloppet som tok til laurdagen. Bror til brura, han Gudmund, var to �r eldre enn meg, seirer han. Me vart gode kameratar med ein gong. Og straks det vart lyst om morgonen, sprang me ned til Vika-stranda og fann fine steinar � leika oss med. Men s� kom stunda d� me skulle gjera oss i stand til kyrkjeferda.

   - Ja, d� -, seier han. Alle m�tte vera fint kledde. Det finaste dei hadde. Kyrkjekler, nypussa kyrkjeskor og vasskjemba h�r m�tte til. Brura og brudgomen var no aller finast i dag. No var alt klart. Munnskjenken og kj�gemeisteren var komne.

   Og felespelaren var p� plass med fela. Dei kalle han ”Fele-Johannes”. (Han kom fr� V�r�, og busette seg seinare i Visnes). Fele-Johannes gjekk framf�re og spela og brudefylgjet kom etter i rekkje og rad. Det var truleg sokneprest Otto Ludvig Sinding som stod for vigslinga i den gamle �rverdige Avaldsnes kyrkje. Kanskje hans siste brudevigsling. Han slutta som prest i Avaldsnes i �ret i 1860.

   Kokkane heime var i full gang med brudlopps-middagen. Ekte kj�tsodd. Kokt i den gamle gruva, som st�r der den dag i dag. Han Endre kunne enno minnast den gode middagen. Men han Johannes, far til brura, hadde gitt munnskjenken ”streng” beskjed at han ikkje m�tte la gjestene f� for mykje av den sterke sorten. Dei skulle ha eit verdig og gildt brudlopp. Og slik vart det.

   Etter middagen vart det kaffi og godbitar. Og leikar for store og sm� vart heller ikkje gl�ymd, fortalde han Endre.

   Sundagen held brudloppet fram. Middagen var fersk fisk og levradopp. Til kaffi lefsa, mandelsnittar og mykje anna godt. Til kvelds var det sm�rgraut og noko godt att�t.

   Den siste dagen av bondebrudloppet, mandagen, var heimreisedag. D� slapp me � reisa med tome magar. Gode og mette av mat og mange gilde opplevingar drog me heim, glade og forn�gde. I brudeg�ve fr� foreldra fekk Marta 100 dalar og ei ku, fortalde han Endre til slutt.

Om gjestene
Kven som var i brudloppet og alderen deira fortalde han Endre sj�lvsagt ikkje. Men med ei s� stor slekt, m� det ha vore folksamt. Og i Vikene hadde dei ikkje ord for � vera ”knuslete”, nei.

   Foreldra til brura var Anna (47) og Johannes Gudmundsen Vigene (46), brura Marta (20) og brudgomen Kolbein Hinderaker (24). Dei andre borna i Vikene vart besteforeldre og oldeforeldre til mange som lever i dag (1995): Kolbein Skeie (16), Berta, gift Ytreland (13), Gudmund Kolnes (10) og Anna, gift Eriksen, Haugesund (3).

   Brura hadde mange slektningar rundt om i distriktet. Tanter, onklar og syskinbarn p� Ytreland, Sund, Sk�r og Kallevik. Og ein morbror p� Kolnes. Med naboar og vener i tillegg m� huset i Vikene ha vore fullt brudloppsdagane.

   P� brudgomen si sida kjenner me ikkje mange som var i ferdalaget hans. Forutan brudgomen og bror hans, veit me berre namna p� foreldra deira: Knut Hinderaker (50) og Elisabet (49).

   At det m� ha vore eit stort og gildt brudlopp, det har han Endre Hinderaker gitt uttrykk for. Etterslekta som stammar fr� Vikene, lyt ta vare p� denne forteljinga hans.

Om Fr. Kolst� og Vikene
Johannes Gudmundsen og kona Anna hadde 5 barn, som vist ovanfor. Alle er f�dde i Vikene og vaks opp der.

   Dessutan tok dei til seg Ingeborg Nilsdatter, Dalen, Utvik. Anna var tante (moster) til Ingeborg. Borna i Vikene og Ingeborg var alts� syskinbarn. grunnen til at Ingeborg fekk koma til Vikene var at mor hennar d�de tidleg. Dei var 8 barn. Dei to minste var berre 2 �r og 5 �r. Ingeborg var 8 �r d� ho kom til Vikene. Ho vart verande der til ca 18 �rs alderen.

   Seinare blei ho gift med handelsmann og og bankrevisor i Haugesund, �sten Kolst� fr� Avaldsnes. Dei vart foreldre til kunstmalar Fredrik Kolst�. Han blei f�dd i Haugesund og var ca eit halvt �r d� bondebrudloppet vart halde i Vikene i 1860.

   Mora Ingeborg hadde nok hatt lyst til og vore i vikene den gongen og f�tt vist fram den vesle fine guten dei hadde f�tt. Men den lange vegen fram og tilbake er det forst�eleg om ho ikkje var i brudloppet.