Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)
Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.
Folk flyttet mykje på seg i eldre tid òg. Men grunnen var ofte då at dei ville skaffa seg ei utkome, slik at dei reiste ut av naud eller tvang.
Hardanger I 1711 flytte Anna Thomasdt Wegner til mannen sin i Alvsåker i Hardanger. Far hennar var død fjorten år før. Sjølv om Hardanger ikkje var utanlands, var kanskje ei slik reis som emigrering å rekna nå. I så fall var Anna den første på garden som drog så langt ut.
Til Irland, England og USA Annleis var det med Tore Jonsen f. 1828. Han var ei tid handelsmann ved Grøningsjøen. Men han braut opp og drog til Irland og slo seg ned i Dublin.
Nils Jørgen Johnsen (1850-1933) (#134_7_503) reiste til Grimsby i England bare 16 år gammel. I bygdeboken for Torvastad står det at han reiste som "guide" med engelske båtar i Noreg. Han var trolig kjentmann på engelske fiskebåtar, ikkje turistguide. Hans etterkommere sier han jobbet som fisker og fiskeskipper. Han gifta seg med Charlotte (Lotte) Godfrey fra Grimsby i 1873. Nils og Charlotte fekk 7 barn, og har stor etterslekt i England. Ein finn også etterkommerane hans i USA, Australia og New Zealand.
Bror hans, John (1843 – 1932), var òg ei tid i England (ca. 14 år), han blei kalla "Engelsk-Jone". I 1881 bodde han i Grimsby (kilde: 1881 folketelling for England). Han gifta seg med Mathilde Teiler (1860 - ca. 1944) frå Grimsby, ho vart kalla "Tilly Grimsby". John og Mathilde bodde seinare på Grønningen.
Ein annan bror, Thore Johnsen (1861-1942) (#134_7_504) utvandra til Amerika i 1889 og vart prest der. Thore tok etternamnet Gronningen då han utvandra. Han gifta seg med Anna Regina Burseth (1870 – 1933), og dei fekk 6 barn. Etterkommerane til Thore bruker fortsatt etternamnet Gronningen.
Elles var det mange som utvandra for ein kortare periode for å tena pengar t.d. for å byggja hus eller kjøpa gard.
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com