Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)
Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.
Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 79_7_112
Skrevet av Elias Vaage - 05.11.2007
”Ja, det skal bli godt for kona mi og meg å få liggja på ny havrehalm.” ”Ja, lukka til”, seier bonden.
Historier om Knut Samsonsen
Det er han Knut Samsonsen som fortel dette til meg.
Den gamle sengehalmen i senga til meg og kona mi var aldeles utsliten og vond å liggja på, fortel han Knut. Eg fekk høyra om ein bonde opp i bygda som hadde god sengjehalm (havrehalm). Knut sa namnet på bonden og eg kjende han godt.
Eg fann meg ein stor sekk og drog avstad til bonden, seier han Knut. Eg traff han og sa fram ærendet mitt. ”Ja då, havrehalm har eg i massevis. Ta sekken med, så går me opp på låven og stappa i den.” Bonden var blid og i godlag. ”Me må stappa godt nedmed kanten, så får du litt meir med deg”, seier han. ”Ja, nå trur eg ikkje du får eit halmstrå meir i den”, seier han.
Og Knut svara: ”Ja, det skal bli godt for kona mi og meg å få liggja på ny havrehalm.”
”Ja, lukka til”, seier bonden.
Knut stikk handa i lomma. Han har det med det, han Knut, som ein ærleg truande mann, at er det noko viktig han vil seia, brukar han riksmål (bokmål). Slik og denne gongen. Han tek opp lommeboka: ”Ja, nu må jeg få betale for halmen”. ”Nei, langt ifrå”, seier bonden, ”ikkje eit øre skal eg ha”.
”Ja, sier du det. Ja, da må vi bøye våre kner og takk Gud”, seier han Knut. ”Ja, det kan me”, sa bonden, ”men ikkje her på det harde låvagolvet. Lat oss heller gå inn i høyet”, seier han.
Og me gjekk inn i høyet, seier Knut. Fyrst bad eg og takka Gud. Og så bad bonden ----. Etter bønestunda i høytopta, seier Knut: ”Ja, nå vil eg gå him te kånå mi, Marie, og skifta ut den gamle halmen. ”Takk, takk skal du ha!” ”Lukka te”, seier bonden.
Så drog han Knut Samsonsen heim til Visnes til kona si, glad og fornøgd, både til Gud og til menneske.
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com