Mandag 27. Juni 2022 - 14:33 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.
Tilfeldig ord/uttrykk: Se hele oversikten her. ![]() |
SkrobbahålåPå Karmøy har det sikkert vore ulv, eller skrubb, tidlegare. Korleis kan ein vita det? Jau, me har «Skrobbahålå» i ytste nordenden på Karmøy i Osnesgavlen. Der er ei nokså stor hola i fjellet, kloss ved sjøen, og sagnet går ut på at siste skrubben på Karmøy vart fanga der.
Teikning: Ulven luskar ikring på heimlege trakter.
Men er det rimeleg å tru dette sagnet? Ja, det er det. Høyr berre her korleis dei gjorde med skrubben på innsida av Karmsundet for omlag 100 år sidan. (red.: # lenke til Bygdelagshistorien kommer, les i «Jul på Karmøy», 1951, to avskrifter fra Avaldsnes heradstyre si møtebok 23. april 1853 og 11. mai 1855. «Det fyrste ein finn om slik jakt er i 1847 ... ») – – – – Det er all grunn til å tru at det tidlegare hadde vore same slags jakt på Karmøya og at dei der har klara å få ende på «styggen», og det er etter mi meining svært rimeleg å tru at «Hans Majestet» er jaga nordover til «Skrobbahålå» i Gavlen. – – – – Ja, kjære lesar. Har du ikkje sett «Skrobbahålå» før, så berre sjå etter når du reiser framom der. Ho er lett å sjå. Men, ver varsam dersom det er fyrste gongen. #82_7_102 For det er noko ekstra å passera «Skrobbahålå» fyrste gongen. Det er vanleg at dei eldre som er med i båten seier til dei yngre – fyrstereisgutar – «Ka e det du har fått på huå di?» Du tek utan å tenkja huva – eller sydvesten – av deg og skal sjå. Då ler dei eldre fult og seier: «Så du helse på Skrobbahålå du.» Det er skam det, må vita. No har eg fortalt deg om dette i førevegen. Skulde du så like vel verta «lurt», så får du ta skulda på deg sjølv. PEDER SKEIE #94_5_201
ps!
|
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||