Mandag 27. Juni 2022 - 13:46 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. ![]() |
Lensing av gamlegruvaSom elektrikar ved Rødkleiv i åra 1938-1943 fekk eg vera med å lensa gamlegruva for vatn, like ned til ca 150-160 meter. Nede ved 112 meter stasjonerte me med nytt og større pumpeutstyr. Det var Anton Hjelmaas og eg som i 1941-42 hadde den jobben. Dei gamle stigane og treverket i gruvesjakta hadde då stått under vatn i om lag 40 år.
For å letta på transporten av verktøy og utstyr nedover og oppover 112 meter, vart det montert ein slags ”heiseinnretning”. ”Heisevogna” var eit gamalt parafinfat påsett ein heisebøyle. Parafinfatet skulle fungera som ”transportvogn” både for personar og verktøy. Heiseutstyret elles var eit stort hjul montert på nokre stokkar. Ein gamal vaier vart montert til eit gamalt heisespel. Spelet blei driven av ein gamal 3-fase sleperingsmotor med igangsetjar. I heisetønna var det plass til to personar, Anton og eg. Det var trangt om plassen, hugsar eg. Signaler til heisekjøraren var slag med ein nøkkel i pumpeutstyret. Der hang me og dingla mellom trestokkane, opp og ned. Men Elius Kalstø valde å gå i stigane, sjølv om dei kunne vera farlege nok å gå i. Eg er glad og taksam at me alle fekk behalda liv og helsa etter den jobben. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||